Heimtun økologisk gardsmat

Mat lyt ein ha. Bratte lier og vått vestlandsklima har ikkje stogga ein Sunnfjording før. Med gamle rasar av Vestlandsk fjordfe og Gamalnorsk spelsau, nyttar vi utmarksressursane til å produsere kortreist, godt kvalitetskjøt med god samvit.

Ete fyst.

seier sunnfjordingen.

Sunnfjordingar lyt sikre seg energi før dei tek til med noko.

Heimtun-gardsmat produserer mat av høg kvalitet på gardens eigne resursar. Alle husdyr og planteprodukt er godkjent som økologisk av
Debio

Hjortekjøtet er frå den lokale hjortestammen og so regel jakta av meg sjølv eller andre i same jaktlag. Dessuten er me opptekne av å nytte dyrka og viltveksande
nyttevekstar og sopp.

Morgenstund i dalen

Kor vi er

Heimtuna eller «Hemmtuna» ligg på Årberg i Sunnfjord i tidlegare Gaular kommune. Køyrer du E39 nordover etter å ha kryssa Sognefjorden finn du oss ca ei mil nord om Vadheim, like før du bikkar toppen av vegen før det hallar ned att mot Sande.

Haustmorgon i frå Årbergsbakkane. Sidan det er opning sørover mot Vadheim har me sola heile året.

Her ligg gardane på rekke midt mot sola med Årbergsfjellet i bakkant. At her har vore samanhengande gardsdrift langt tilbake vitnar mellom anna funn frå vikingtida om.

Fjordfeet kan vå vere ute heile året her på Årberg. Einaste dagen me stenger døra heilt er nyttårafta. Då lyt me sikre oss at dei ikkje vert skremde av fyrverkeri og stikk av.

Kva vi gjer

Visjon

Kvifor økologisk…

– nytte dei lokale ressursane

– unngå å spreie giftstoff i nature

– balanse i produksjonen

Om husdyra og rasane

Tilpassa terreng/klima etc.

Dei gamle rasane er tilpassa klimaet på Vestlandet. Små dyr som tek seg lettare fram i terrenget og som etterlet seg mindre skade på jorda enn dei moderande tunge rasane gjer i vått vestlandsvær.

Kombinasjon – nytte ressursane

Vestlandsk fjordfe

Gammalnorsk spelsau

Høgt i fjell trivst sauene

høner til eget forbruk

Om jakt

Bestandregulering er viktig i eit område som har ein dyretettleik som er svært høg.

Om sopp og nyttevekster

Oppteken av å nytte alle aspekter med naturen, og det den kan gje oss. Matfatet er stort…