Kategorier
Uncategorized

Framleis haustetid!

Dagane vert kortare, men ikkje arbeidsdagane! Framleis bugnar det av traktrekantarell og piggsopp i skogen. Litt vanleg kantarell er det og mogeleg å finne endå. Så fritida går til slikt når ein ikkje lyt avå sjå etter dyra. Har vorte nokre turar til fjels i haust då eg framleis ikkje har fått heim siste sauen og nokre lamb. Men store vidder og sauer med kamuflasjefarge gjer sjangsane små. Lyt håpe dei tek «til vet»og kjem heim sjølv.

Elles går det mykje tid til skjering av kjøt og foredling til salg på Bondens marknad og Reko-ring. Denne veka er det bakpartar av kalv som vert viktig å få gjort klar saman med prikkevering av 24 lamb.

Håpar me sjåast på Bondens Marknad på Fisketorget i «by’n».