Kor vi er

Fjordfeet kan vå vere ute heile året her på Årberg. Einaste dagen me stenger døra heilt er nyttårafta. Då lyt me sikre oss at dei ikkje vert skremde av fyrverkeri og stikk av.

Heimtuna eller «Hemmtuna» ligg på Årberg i Sunnfjord i tidlegare Gaular kommune. Køyrer du E39 nordover etter å ha kryssa Sognefjorden finn du oss ca ei mil nord om Vadheim, like før du bikkar toppen av vegen før det hallar ned att mot Sande.

Her ligg gardane på rekke midt mot sola med Årbergsfjellet i bakkant. At her har vore samanhengande gardsdrift langt tilbake vitnar mellom anna funn frå Vikingtida om