Sommar på Årberg

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er 20210701_1228591-1024x768.jpg

No har det vore ganske hektisk med godvær og mykje arbeid. Varmen gjorde at mesteparten av slåttonna gjekk unda i rekordfart. Når me fyst kom i gang. Som vanleg var det utstyr som laut reparerast og sjølv om me prøvde vere klar var det sjølvsagt delar dom ikkje kom eller kunne skaffast i tide. Men med Oda og bror min si hjelp verka slåmaskina tilfredstillande til slutt. Og når ballemeistar Aarbergsbotten hadde kapasitet ordna det seg greit og me fekk berga graset.

Hin dagen fekk me fåra(hyppa) potene etter at Ivana, Oda , Bjarte og bonden sjølv hadde gjort ein heiderleg innsats for å fjerne høymole og anna plagsomt rotugras. No står åkren å struttar og me gler oss til å få nydelege mandelpote til hausten.

Og med litt lett regn vart det utsøkt vær til å spreie gulle så håa vert fin etter kvart.

Hu hei kor da går

Steike so tida fyke. Snart midtsommar sjøl om temperaturen ikkje skulle tilseie det. Ja, ja: Ha no fåttut fyste runde med møk, dyra på beite, potene i jorda og sådd eit attelegg. Lyt vel vere nøgd sjølv om eg gjerne skulle gjort so mykje meir. Men kropp og aldre krev sitt.

17.Mai

Er likevel øye glad for at samfunnet opnar att. Såg det på Bondens Marked i By’n på laurdag og det er vorte litt folk att på kinoen i Førde(lyt ha noko å leve av og)

1-8.Juni

No gler eg meg til at varmen og sola skal komme tilbake og at jentene mine snart kjem heim på ferie. Håpa gutane snart er klare for ferie og.

Framleis haustetid!

Dagane vert kortare, men ikkje arbeidsdagane! Framleis bugnar det av traktrekantarell og piggsopp i skogen. Litt vanleg kantarell er det og mogeleg å finne endå. Så fritida går til slikt når ein ikkje lyt avå sjå etter dyra. Har vorte nokre turar til fjels i haust då eg framleis ikkje har fått heim siste sauen og nokre lamb. Men store vidder og sauer med kamuflasjefarge gjer sjangsane små. Lyt håpe dei tek «til vet»og kjem heim sjølv.

Elles går det mykje tid til skjering av kjøt og foredling til salg på Bondens marknad og Reko-ring. Denne veka er det bakpartar av kalv som vert viktig å få gjort klar saman med prikkevering av 24 lamb.

Håpar me sjåast på Bondens Marknad på Fisketorget i «by’n».