Sommar på Årberg

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er 20210701_1228591-1024x768.jpg

No har det vore ganske hektisk med godvær og mykje arbeid. Varmen gjorde at mesteparten av slåttonna gjekk unda i rekordfart. Når me fyst kom i gang. Som vanleg var det utstyr som laut reparerast og sjølv om me prøvde vere klar var det sjølvsagt delar dom ikkje kom eller kunne skaffast i tide. Men med Oda og bror min si hjelp verka slåmaskina tilfredstillande til slutt. Og når ballemeistar Aarbergsbotten hadde kapasitet ordna det seg greit og me fekk berga graset.

Hin dagen fekk me fåra(hyppa) potene etter at Ivana, Oda , Bjarte og bonden sjølv hadde gjort ein heiderleg innsats for å fjerne høymole og anna plagsomt rotugras. No står åkren å struttar og me gler oss til å få nydelege mandelpote til hausten.

Og med litt lett regn vart det utsøkt vær til å spreie gulle så håa vert fin etter kvart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.